Kroting i Borgstova i Vikøy_ juni 2018

I denne stova som også blir kalla Tidemandstova  har det i ein del år vore teikna eit forenkla krotemønster med tørt tavlekritt. Borda baserer seg delvis på eit krotemønster ein ser på to maleri av Adolpf Tidemand der han har brukt borgstova som ramme rundt skildring av interiør og bønder i bunad. Den teikna borda var likevel såpass oppdikta at det var eit ønske om å erstatte den med kroting som hadde meir autensitet. Bygningsvernkonsulent Anne Lise Brask Eriksen ved Hardanger og Voss museum og eg krota stova omatt i løpet av nokre dagar i juni. Eine dagen hadde me workshop der bygdefolk og andre interesserte var  invitert til å delta. Mellom 25 og 30 stykke kom. Dei fekk innføring i tradisjonen,  prøva ut fingerkroting på prøvefjøler og deretter var nokre av dei med å krota på veggane.

Mønstert me brukte var element frå krotinga i Vavollstova i Øystese, og me brukte skisser og maleri av Tidemand med kroting i som forlegg for border over og rundt dørene.

Tidemand har brukt mykje raudfarge i krotebordene i maleria sine. Det var derfor naturleg for oss å gjenskape noko av det meir fargesterke uttrykket i vår nykroting av Tidemandstova i Vikøy.

Me prøvde også ut ein omvendt teknikk som ein finn spor av i enkelte av dei gamle krotestovene. Då blir krittvellinga først smurd utover flata som skal krotast, og deretter skrapar ein fram mønstert. Slik at mønsteret blir mørkt medan bakgrunnenn er kvit.