Kvit boks. Eit lite heildekorert rom. 120 x 120 x 200 cm. Verket vart laga til opninga av Streif 2005 på Reiseter i Ullensvang som ein del av kunst i landskapet i regi av Harding Puls. I ettertid har Kvit boks vore utstilt på Hardanger Kulturgalleri i Herand, Åsane kunstforrening i Åsane, Vestnorsk kulturakademi på Voss, Hardanger Folkemuseum på Utne, kunsthuset Kabuso i Øystese og på Dyrskun i Seljord.
Utvendig ser Kvit Boks ut som fire store maleri montert samen med baksida vendt utover. Ein må gå inn i boksen for å sjå og å oppleva dekoren. Eit lite kvadratisk vindauge i taket gir overlys lik ljoren i ei røykstove.