Kroting er ein alderdommeleg tradisjon som ein kun har funne spor av på Vestlandet i området mellom Vest Agder i sør til Romsdal i nord. Kjeldene fortel av kvinnene teikna eller malte ei langsmal bord på tømmerveggen. Den var rett over hodehøgd og gjekk gjerne tvers over dørbladet, slik at den danna ein samanhengande sirkel rundt rommet. Enkelte stader vart det også krota eit motiv oppe på gavltrekanten, over den langsmale borda, midt i mot inngangsdøra. Materiale som vart brukt var det dei hadde for handa. Det kunne vera knust skjell/ kritt blanda med surmjølk, kvit leire eller tørt kvitt kritt som gir ein lysande kvit farge på mørk vegg. Knust og pulverisert tegelstein, raud og jernhaldig leire - gir raud farge. Grå leire - gir grå-grøn farge. Surmjølk inneheld eggekvitestoff som fungerer som bindemiddel. Det gir ei hard og ganske bestandig overflate, men er ikkje vannfast om flatene blir utsett for langvarig fuktigheit eller aktivt skrubbing. Reidskap som ein krota med var anten ein finger eller ein kvast - ein oppstussa pinne.
Ein krota på nyvaske og våt vegg. Då batt kritet seg betre til underlaget. Å krota veggane i stova, er ein av mange tradisjonar som vart utført til solsnu midtvinters, midtsommars, og til bryllaup. Det var, i følge dei få skriftlege kjeldene ein har om skikken, noke av det siste som vart gjort før helga byrja. Grunnen for det er moglegvis at kroteborda hadde ei ganske kort levetid. Dei gamle stovene var utan pipe og hadde open eldstad, slik at røyken gjekk fritt ut i rommet og ut gjennom ein ljore, opning i taket. På denne eldstaden brann det alltid. Bålet gav lys og varme til rommet og det var over bålet at ein kokte all maten. Det betyr at kroteborda gradvis vart dekka av sotpartiklar i frå røyken. Ei prestekone på Osterøy skriv på 17-hundretalet at det gjekk mindre enn ei veke før kroteborda var heilt skjult av sot.
Det er få kroteborder att som vitnar om denne skikken som blir omtalt i skriftlege kjelder som noko alle gjorde. Det er bare i underkant av 20 gamle kroteborder som er registret. Av dei igjen er det få som er intakte. Det meste er bare bruddstykke elller svake spor. Det er ikkje funne restar av kroting i Rogaland eller i Sogn. Det materiale ein har registret er frå Hordaland og frå Møre.
Fleire av krotebordene er oppdaga ved rein tilfeldigheit slik at ein kan ikkje sei noko om det materiale ein har, er representativ for skikken, eller om det er eit tilfeldig utval. Men det materiale ein har viser eit tydeleg skille mellom nord og sør på Vestlandet. I Hordaland er det bare funne kroting med geometriske mønster. Noken svært enkle med repeterande motiv, andre har eit intrikat mønster som er samansett av mange ulike motiv i seksjonar. Noken er sirlige og tydeleg utført av ei stødig hand. Andre ser ut til at dei er blitt utført i all hast av ei meir uvøren hand. Bordene går over ein til tre omfar. Alle bordene i Hordaland er utført med krit blanda i eit eller anna vatnløyseleg bindemiddel - mest sannsynleg mjølk.
Krotinga som er funne på Møre, hovudsakleg rundt Sykkylven, er annleis på fleire måtar enn det ein har i Hordaland. Motiva er meir organisk i forma. Det kan minne om rankemaling / rosemaling, men utan stor fargeprakt. Det er bare fargane svart og kvitt, med innslag av raudt som er blitt brukt. Men krotinga er utført i oljemaling og det blir vist til at det er menn som har gjort desse bordene. Krotemateriale på Møre ser ut til å vera utført sist på 1800-talet. Det er i fylgje etnologen Eilert Sundt fleire tiår etter at skikken andre stader var gått ut av bruk. Sundt reiste i mange år rundt på landsbygda og skreiv om levesett og skikkar. Han beskriv skikken i 1863 som ein alderdommeleg og utdøydd tradisjon og skriv vidare at han tross alle stovene han hadde vore inn i, kun hadde sett kroting med eigne auger ein gong. Det var på kysten av Hordaland.
Dei geometriske motiva ein finn i krotebordene er enkle og dei er internasjonale. Dei dukkar opp i dei fleste kulturar, på mange ulike materiale, og dei ser ut til å ha vore brukt av menneske i mange tusen år. Det er konsentriske sirklar, valknute, åttebladsrose, prikkar, likearma krossar, ruter, rombeformer, strå, bølgemønster, sikksakk-bord...
Ved midtsommar vart det gjerne også hengt opp ein lang stokk på veggen, litt ovanfor borda og med litt glipe til veggflata. Bak den vart det sett tett i tett med blomar. Blomane pynta stova enda meir, men skikken som blir kalt måging vert også beskrive som ein måte ein beskytta huset sitt mot vonde makter. For ved solsnu skulle ein vera ekstra på vakt mot desse. Ein trudde at enkelte vekster hadde kraft i seg til å rensa huset for ondskap og hindra dei i å skade folk og fe.
Det er mange ting ved kroteskikken som kan tyde på at det ikkje bare var for å pynte opp i stova at ein lagde desse bordene. Så godt som alle motiva ein finn i krotebordene er i andre samanhengar blitt tolka som vernesymbol og teikn som skal gi ein god grøde og lukke. I tidlegare tider var det mange skikkar ved solsnu som handla om å verna seg og sitt mot vonde makter som var ekstra aktive på dei tidene av året. Det er derfor naturleg å sjå på kroting som ein del av denne tradisjonen.