Hund
På oppdrag frå Odda barneskole skal smed Michael Wonderlich og eg lage ein skulptur til den nye skuleplassen. Den ferdige skulpturen blir utført i rustfritt stål. Fotoet er modell i leire str.1:10.
Intensjonen vår er at valpen skal innby til leik. Den har derfor fått seg både vest og kortbukse, skjerf rundt halsen, ring i øyra og pulsklokke, men to like sko i hans storleik var det vanskelig å oppdriva. Derfor vart det ein støvel og ein sko …