MOELVENBRAKKA, 2015

Del av Mellom himmel og fjord, Sjå! Kunst i landskapet i regi av Harding Puls.
Takk for god hjelp Astrid Grønsnes, Oddveig Aar Reiseter, Inge L.Reinsnos og Gunnar Kjærland!

Moelvenbrakka har vore bustadbrakke på anlegg i fjellet i Sauda, ved Folgefonna og på Ulven. Og deretter kontorbrakke i Fyllingsdalen, Mongstad, Kolsnes, Askøy og Åsane. Utvendig har eit tøft anleggsliv sett sine spor. - Innvendig derimot, er den fylt av nye draumar, - skapt av gamle minne.

Verket Moelvenbrakka er inspirert av ei historie om ein anleggsarbeidar som heitte Halvor. Som anleggsfolk flest budde han i ei brakke. Men ulikt dei andre, budde han aldri i fellesbrakke. Han hadde si eiga som han frakta med seg frå anlegg til anlegg. - «Brakka er mi private sone og som ein heim» sa han. Ho var eit fast punkt i eit tilvære som elles var prega av stadig nye arbeidskameratar og arbeidsplassar. Så lenge Halvor levde fekk ingen koma inn i brakka hans.

Men etter at Halvor døydde i ei ulukke ein gong på 1970-talet, gjekk nokre arbeidskameratar i lag og låste opp brakka. Overraskinga var stor då det viste seg at ho som såg heilt vanleg ut på utsida, var fullstendig dekorert med rosemaling innvendig. Tak, veggar, møblar og golv var full av store og små fantasiblomar, bladverk, sveivar og draperi!

Det viste seg at Halvor sin store lidenskap alltid hadde vore å driva med rosemaling, men i miljøet rundt han vart det flirt av menn som dreiv med slikt. Derfor passa han alltid på at døra var låst og gardinene forsvarleg trekte for vindaugo. Ingen måtte oppdaga løyndomen hans! I rosebrakka fann kameratane eit brev; eit slags testamente frå Halvor. Der bad han innstendig om at dei som fann brevet måtte lova å brenne brakka, og ikkje la nokon få vita om rosemalinga hans. I respekt for Halvor gjorde kameratane det. Og dei sa ingenting om innhaldet i brakka før det var gått mange år. Historia kom ein journalist for øyra og han skreiv om Rosebrakka til Halvor i ei lokalavis som eg tilfeldigvis fekk lese. Eg vart så rørt over historia og har i verket Moelvenbrakka prøvd å gjenskape Halvors hemmelegheit.

Moelvenbrakka stod i to år ved gang- og sykkelvegen ned frå Bu til Hardangerbrua. På utsida var ein plakat som inviterte folk til å gå inn. På eine benken inne i brakka la eg ei bok der eg opppfordra besøkande til å skriva ned sine eigne hemmelegheiter. Etter to år var to bøker utskrivne. Ikkje med hemmelgheiter, men for det meste helsingar og signaturar. Til saman hadde omlag 3000 skrive seg inn i bøkene i løpet av desse to åra. 12 stykke hadde til og med overnatta! Og best av alt: ingen herping eller skader på interiøret!