Hortus Conclusus_ Røldal. Denne skulpturen vart til etter invitasjon frå arbeidsgruppa i Røldal som jobbar med å få etablert eit pilegrimssenter i bygda. Prosjektet eg var invitert til å delta i er Kunst langs pilegrimsveg.

Alle som har vore på fottur i fjellet veit kor godt det er å ha ein lun stad å setta seg ned for å eta nista eller bare for å legga seg ned og kvile litt under vegs. Mitt verk som skulle stå langs pilegrimsveg, vart derfor utforma som ein slags lavvo. Og sidan målet for pilegrimar som går mot Røldal er stavkyrkja der, brukte eg element frå dekoren i kyrkja som utgangspunkt for dekoren inni lavvoen. Første året vart lavvoen plassert ved Frøystøl, ein liten times gange frå stavkyrkja og like ved pilegrimsstien som går over Haukeli til Røldal.

Eg har tenkt lavvoen både som ein stad å kvile for dei som vandrar og samstundes få ein forsmak på dekoren i Røldal stavkyrkje, men og for lokale turgåarar som bare vil ha ei stund for seg sjølv. Inni lavvoen kan ein la tankane flyte. Den runde grunnflata og veggane som skrår innover og samlar seg i taket gir ein ro. Verket er tenkt som ein hyllest til det å vandre,  til det temporære og det å vera  til stades i stunda. Tittelen som oversatt til norsk tyder "den lukka hagen" er også eit bilde på Paradis.

Det er mykje snø i Røldal så derfor vert lavvoen tatt ned om hausten og montert oppatt på våren etter snøen er smelta. Plasseringa av den kan variera frå år til år.