Kroting av Tveisemstova, Hardanger folkemuseum_1999

 

Kroting av Tveisemstova kom i stand ved ein tilfeldigheit. Våren 1999 studerte eg ved Vestnorsk Kulturakademi på Voss og jobba med semesteroppgåve om kroting. På ein ferjetur mellom Utne og Kvanndal traff eg dåverande leiar på Hardanger folkemuseum Ågot Gammersvik. Ho fortalde at folkemuseet hadde i lengre tid snakka om at Tveismestova i museumstunet burde vore krota. Stova er ei rundtømra årestove frå 1300-talet. Keramikar og biletkunstnar Dagfinn Instanes hadde sagt ja til å gjra det, men døydde dessverre etter ein tragisk påkøyrsel i 1998. Kroteplanen av stova vart lagt på is inntil Ågot og eg møttest på ferja mellom Utne og Kvanndal eit halvår seinare.

Eg fekk då spørsmålet om å krote stova og før den 20 minutt lange turen over fjorden var over, hadde me ein avtale. Eg skulle koma med forslag til krotemønster som me skulle sjå på i lag, og deretter kunne eg setta i gang med å krote.

Eg sette samen ei mønsterbord med mellom anna ulike motiv frå Vavollstova i Øystese. - Den borda er frå begynnelsen av 1800-hundretalet.  Borda eg sette samen består av to kryssande sikksakkborder med vekselvis likearma krossar og åttebladsroser i dei skråstilte rutene. Midt på langveggane er det ein valknute, på andveggen - gavlveggen midt i mot inngangsdøra - eit stilisert strå, og midt over inngangsdøra bumerket til garden Tveisme der stova hadde stått før den vart flytta til museumstunet på Utne.

Krotinga vart utført sommaren 1999. Det var med ærefrykt eg gjekk i gang, både for at dette var ei ærverdig gamal stove, men fordi eg aldri hadde gjort dette før. Eg hadde kun ein teoretisk tilnærming via det å ha lest og å ha skrive om temaet. Slik at korleis eg skulle utføra det i praksis, måtte eg finna ut av under vegs. Det som står skrive om kroting handlar mykje om materiale og reiskap, men veldig lite om korleis det i praksis vart utført. Så det vart litt prøving og feiling før eg etter kvart knekte koden.

Nokre problemstillingar: Ei mønsterbord kan ikkje overførast direkte til veggen etter centimetermål, men må tilpassast tjukkelsen på dei enkelte veggstokkane. I tillegg til at dei har ulik tjukkelse også varierer dei også ganske mykje frå topp- til rotende. Augnemål blir dermed vel så viktig reiskap som meterstokken. Motiva i borda må derfor strekkast og krympast for  at borda skal sjå lik ut på alle veggane. Ein anna  erfaring er at ein må stå rett framom det området ein krotar. Om ein ikkje gjer det, vert mønsteret "vindskeivt".

I åra som har gått etter at Tveismestova vart krota, har krotetradisjonen blitt løfta fram att. Besøkande på Hardanger folkemuseum er blitt fortalt om skikken og det er blitt arrangert workshop om kroting for både barn og vaksne. I tillegg er fleire av årestovene som tilhøyrer Hardanger og Voss museum blitt krota. Mykje av dette er gjort på initiativ frå bygningsvernkonsulent Ann Lise Brask Eriksen ved Hardanger folkemuseum. I 2017 kom det ut ei strikkebok med krotemønster som motiv til strikkajakker og gensarar.

Som ein kuriosa kan eg legge til at i 2015 då eg var kursleiar på det norskamerikanske museet Vesterheim i Decorah i USA, møtte eg ei amerikansk kvinne som jobba med vev. Ho overførte ulike mønster som ho såg her og der til vevde tekstilar. Under eit norgesopphald hadde ho vore i Tveismestova på Utne. Der fotografert ho kroteborda mi - som ho trudde var ei gamal rekonstruert bord – og har seinare overført mønstert til ei langsmal flosse-rye.

 

I 2017 vart det bestemt at sidan Tveisemstova er i eit museumstun, bør kroteborda i den vera historisk rett. Borda eg hadde utført var nydesigna og dermed ikkje korrekt i dette miljøet. Det vart derfor bestemt at borda frå 1999 skulle vaskast vekk og bli erstatta av ei krotebord som var kopi av ei autentisk bord frå Hardanger.

 

Nykroting av Tveismestova skulle foregå i desember 2017. Det vart annonsert som ein workshop for alle interesserte. Men vergudane var ikkje på vår side. Det vart skikkeleg ruskever med stengde vegar og advarsel mot å ferdast ute. Det førte til at fleste som var påmeldte trekte seg og prosjektet vart ganske redusert.

Ein fekk likevel begynt med nedvasking av to veggar, men opplevde snart at i ei årestove som har stått utan oppvarming, er frykteleg kald om vinteren. Sjølv om ein hadde elektrisk oljeovn på og bål på åren, var veggane iskalde og kritvellinga fraus i staden for å tørka. Det var også utruleg kaldt på fingrane. I tillegg gjekk ikkje røyken frå åren rett opp gjennom ljoren i taket - slik den gjer om rommet er meir temperert. Røyken låg i staden som ei grå skodde over heile rommet. - Litt mindre nederst enn oppe med beten, men det var likevel svært ubekvemt å jobba i stova. Ein vart ikkje ferdig med nykroting av Tveismestova under denne worshopen.

 

Men etter tradisjonen er ikkje kroting eit permanent mønster på veggane. Skikken var at mønsteret vart vaska ned og fornya minst to gonger i året. Slik sett er krotinga i Tveismestova i trå med tradisjonen. Den vert fornya år om anna, ... men neste gong ein krotar der vil det nok bli gjort i sommarhalvåret.