UTNE HOTEL, UTNE 2003 -

Utne hotel frå 1722 vart i 2003 totalrenovert. Eg fekk oppdrag med å restaurere og rekonstruere dekormaling på fast interiør som hadde skader, og å dekormale møblane til romma. Ved maling av møblar fekk eg stå fritt til å velgje design og malemetode. Eg har brukt laseringsteknikkar som ådring (imitasjon av tre), marmorering (imitasjon av marmor) og skinnrulling (laseringsteknikk som ikkje er imitasjon, men bare dekorativ.) Alle romma har fått sin eigen karakter og fargesetting. Møblane er blitt ulike frå rom til rom, men alle har uttrykk av historisme, som er hovudtrekket i interiøret ellers på det freda hotellet. Materiale som er brukt på all dekormaling er linoljemaling, tørrpigment og lasurolje basert på linolje. Restaurering og rekonstruering av fast inventar er utført etter dialog med fylksekonservatoren i Hordaland sin representant i Hardanger, Anne Lise Brask Eriksen.