Kroting på Vesterheim, norsk-amerikansk museum i Decorah, Iowa, juli 2017
Dette var eit dagskurs i kroting med deltakarar frå mange forskjellige statar som hadde det til felles at dei hadde norske eller nordiske aner. Kurset var delt i to bolkar. Første delen var lysbildeføredrag og andre delen praktiske øvingar. I den praktiske delen prøvde deltakarane først ut fingerkroting på prøvefjøler. Der kunne dei kopiera norske krotemønster eller eksprimentera med eigne idear. Deretter rullerte klassen, samt kontorpersonale og kursansvarlege på museet i å vera med å krote på eine veggen i ein av museumsstovene.