Kunstanneks på Utne hotell

Utne hotel har invitert seks kunstnarar med tilknyting til Hardanger som kvar har fått sitt eige hotellrom for utsmykking.

Dei har valt farge på gardiner og puter som harmonerer med kunsten på veggane(dei heng opp). Valet har resultert i seks ulike fargar til romma og er prega av svært ulike kunstnariske uttrykk. Les mer om dette på Utne hotell sine nettsider.

Opning av Naturhistorisk museum 14.oktober 2019

iversitetsmuseet i Bergen opna att etter å ha vore stengt i seks år. To år med rekonstruering, retusjering og nymaling av ådring og marmorering er over. Det har vore eit fantastisk interessant og utfordrande prosjekt å få ta del i.

Johild1_120219_Foto_Simon S. Brandseth.jpg

ODDArT 2019

Kunstfestivalen ODDArT 2019 29.-31 august. Eit mylder av kunstaktivitetar rundt Lindeplassen. Hovudutstillinga Inspirert av Knudsen der kunstnarar viste verk som på ein eller anna måte hadde fotograf Knud Knudsen som utgangspunkt, fotokurs, kunstnarsamtalar, drinking and drawing, konsertar og prøv deg som gatekunstnar på lerret spent opp mellom tre øverst i gågata.

ODDArT annonse.jpg

2017 -19. Naturhistorisk museum i Bergen

 

I trappehallen med pigment, oljer og utstyr til marmorering.
Foto: Grethe Unstad

 

Museet har vore under restaurering i fleire år. Mittt bidrag er å rekonstruere og nymale marmorering og eikeådring. Det har eg gjort i Tårnsalen, i Trappehallen og Vestibylen. Hausten 2018 skal eg jobbe med Mellomgangen, topplata og brystningen langs trappa opp til Tårnsalen. Dessutan skal eg ådre tre dører som vender mot Trappehallen. Eit stort og spennande oppdrag!

 

ODDArT 2018, 30.8-1.9.

 
Gatekunst der alle kunne delta. Felicitas Aga viser resultatet.

Gatekunst der alle kunne delta. Felicitas Aga viser resultatet.

 

Eit mylder av kunstuttrykk i Odda sentrum.

Vindaugsutstilling, konsertar, kunstnarsamtalar, performance, opplesning, stikk-innom-verstader og kunstguiding mm

 Foto: Åsmund Aarvik

Dyrskun i Seljord 12.-14.9.2018

 
Kvit boks_ innvendig. Utvendig er den heilt nøytral og kvit.

Kvit boks_ innvendig. Utvendig er den heilt nøytral og kvit.

 


Dyrskun har i over 150 år vore ein viktig landbruksmarknad med jordbruksmaskiner, husdyr, tradisjonshandverk, tradisjonmat og mykje mykje meir. Dei siste åra har det vore over 90 000 besøkande på Dyrskun pr år !!!
Eg og eit par andre er blitt Inviterte til å vera gjesteutstillarar etter eit ynskje frå arrangørane om å visa eksempel på revitalisering av  tradisjonshandverk.

Kvit Boks og Hortus Conclusus vil bli frakta over Haukelifjell for å bli vist fram  på Dyrskun i år. Dette blir spennande!

 

Statens Høstutstilling 2016

 
Hortus Conclusus trona verkeleg i den staseleg overlyssalen på Kunstnerenes Hus.

Hortus Conclusus trona verkeleg i den staseleg overlyssalen på Kunstnerenes Hus.

 

2016_ Hortus Conclusus i Kunstnerenes Hus på Høstutstillingen
 Fantastisk kjekk opplevelse å endeleg få vera mellom dei utvalde som fekk visa eit verk på Høstutstillinga. Eg hadde i forkant jobba intenst med ideen og utforminga. Eg hadde knadd både konstruksjon, materialvalg, det visuelle innhaldet og produsert fire lavvoskulpturar i desse månadene. Så det å tilslutt få visa ein av dei på Høstutstillingen var stort.